I dag gjekk spaden i jorda for nybygget som skal huse Norsk Skogfinsk Museum (NSM). Når bygget vert opna utpå sommaren 2025, må museet ha ein driftsorganisasjon tilpassa krav om auka opningstid (med vakthald), høg kvalitet på utstillingar, skikkeleg tilbod om guiding osb. Det hastar no med ein forpliktande plan for å få dette på plass, for ein slik driftsorganisasjon må vere på plass før museet har første opningsdag.
Norsk Skogfinsk Museum har laga ein minimumsplan for dette og sendt planen til regjeringa som innspel til statsbudsjettet for 2025. Skogfinneforeningen stør planen fullt ut som eit minimum. Vi meiner det hastar meir, og at Storting og regjering må forplikte seg til ein opptrappingsplan alt i revidert statsbudsjett for 2024. Vi krev også ein stillingsauke utover planen for å syte for at museet kan utviklast til eit kunnskapssenter for heile den skogfinske kulturen. Dette vil være ei oppfølging av framlegget til Sannings- og forsoningskommisjonens framlegg om at «Norsk Skogfinsk Museum/Norjan metsäsuomalaismuseo blir etablert som et selvstendig nasjonalt kultur- og kunnskapssenter for hele den skogfinske minoriteten». For at det skal kunne realiserast, trengst det 5-10 stillingar utover det som er skissert i museets minimumsplan for budsjettet i 2025.
Innspelsbrevet kan lastast ned frå denne sida:
Plan for Norsk Skogfinsk Museum - Til budsjettet for 2025
(skogfinneforeningen.no)
Resolusjonen er vedtatt av årsmøtet i Skogfinneforeningen 28. februar 2024 og sendt til Stortingets Familie- og kulturkomite ved Statsråd Lubna Jaffery