Skogfinneforeningen søker etter organisasjonssekretær!

Vi har mye å gjøre og mange planer og trenger bistand av en selvstendig og engasjert medarbeider. Sjekk stillingsannonsen og ta kontakt – eller gå rett til søknadsskjemaet her. Søknadsftist er 15.mars.

Krev ti nye stillingar før utgangen av 2025

Norsk Skogfinsk Museum har, som alle andre, laga sitt innspel til statsbudsjettet for 2025. Plan for Norsk Skogfinsk Museum - Til budsjettet for 2025  vart sendt 23. november 2023 og er eit særleg viktig dokument ettersom museet jo skal flytte inn i nybygget sitt sommaren 2025. Eit nytt museumsbygg vil jo stille heilt andre krav til organisering av utstilling og betjening av publikum enn no.

Det detaljerte innspelet frå museet peikar på at ein teknisk driftsleiar må vere på plass i god tid slik at driftsleiar kan delta i tekniske testar alt før bygget er overtatt frå byggherren. Frå opningsdagen må resepsjonistar kunne vise publikum til rette i heile museets opningstid.

For at publikum og forskarar skal kunne nytte samlingane, bøker og bilete må både guide, bibliotekar og biletarkivar vere tilsett og ha gjort seg kjent med samlinga.

Ein større stab treng og ein styrka administrasjon og den venta auken i publikum og eit nytt bygg krev auke i reinhaldet.

Alt dette må vere på plass på opningsdagen, sommaren 2025. Det spesifiserte framlegget krev ei utviding av staben i høve til situasjonen i 2023 med ti årsverk før utgangen av 2025. I tillegg spesifiserer planen tre naudsynte stillingar som dei ikkje har gitt ein presis dato for når må vere på plass, så det vil vel departementet tolke som eit ønske for 2026.

Sjå heile budsjettbrevet her.

- - -

Skogfinneforeningen stør krava NSM fremjar fullt ut. Vi vil gjere det i høyringa om rapporten frå Sannings- og forsoningskommisjonen. Der vil vi òg trekke fram at museet vil trenge meir enn dei krev i dette brevet for å ta hand om museale behov til heile den nasjonale skogfinske minoriteten.

Styreleder: Rune Hernes Bjerke. E-post: styrepost@skogfinneforeningen.no. Bank: 9365.31.95271 eller VIPPS 662508. PERSONVERN.