Skogfinneforeningen krev fem millionar til skogfinske føremål

Skogfinneforeningen krev fem millionar meir til skogfinske føremål i Statsbudsjettet for 2024. Foreininga krev eit løft i driftsmedelen til Norsk Skogfinsk Museum med tre millionar kroner. Dessutan krev dei to millionar i driftsstøtte til organisasjonane for skogfinnane.

Kravet er sett fram i eit brev til partia på Stortinget.

Norsk Skogfinsk Museum (NSM) har i alle år vore sultefôra i budsjetta frå Kulturdepartementet. Museet har langt frå den kapasiteten som trengst for å utnytte samlinga museet rår over til formidling og forsking. No er nytt museum på trappane og det auker behovet for styrking av staben. Dette vert understreka av at ein stor del av staben er nær pensjonering. Museet bør på sikt få mangedobla staben. Skogfinneforeningen krev at budsjettposten for 2024 vert auka med 3 millionar i høve til framlegget frå regjeringa, til 8,55 millionar kroner.

Det vil gjere det muleg å starte på utviding og fornying av museets stab.

Driftsstøtte til organisasjonane
Det er Kommunaldepartementet budsjetterer støtte til alle nasjonale minoritetar. Skogfinnane er den mest usynlege nasjonale minoriteten og det er ingen post i budsjettet som særskilt gjeld den skogfinske minoriteten.

Dei skogfinske organisasjonane kan søke i ein samlepost. I 2023 fekk dei skogfinske søkarane til sama 600 000 kroner i driftsstøtte. Det er 7,1 % av posten. Dette er så lite at organisasjonane ikkje kan ivareta den skogfinske minoriteten sin interesse på forsvarleg vis. Det gjeld her mellom anna å delta på stadig fleire møte med departement og offentlege utval. Slike møte vert halde på dagtid, og det er vanskeleg å delta på slikt basert berre på friviljug innsats. Skogfinneforeningen ber auke med og øyremerking av to millionar kroner på denne posten. Det må til om dei skogfinske organisasjonane skal kunne ivareta minoritetens interesser på profesjonelt vis.

 

 

Styreleder: Rune Hernes Bjerke. E-post: styrepost@skogfinneforeningen.no. Bank: 9365.31.95271 eller VIPPS 662508. PERSONVERN.