Skogfinneforeningen søker etter organisasjonssekretær!

Vi har mye å gjøre og mange planer og trenger bistand av en selvstendig og engasjert medarbeider. Sjekk stillingsannonsen og ta kontakt – eller gå rett til søknadsskjemaet her. Søknadsftist er 15.mars.

Statsbudsjettet – Litt meir til skogfinske føremål

Forliket om statsbudsjett mellom Ap, Sp og SV ga ein ekstra million til Norsk Skogfinsk Museum. I framlegget frå regjeringa vart ei påplussing på to millionar som kom i Revidert budsjett for 2023 gjort varig.

Bildet: Illustrasjon fra regjeringen.no

Driftsbudsjettet NSM går inn i 2024 med er dermed tre millionar betre enn det dei gjekk inn i 2023 med. Andre postar som er særleg relevante for det skogfinske står uendra etter budsjettforliket. Organisasjonar for nasjonale minoritetar kan søke driftsstøtte frå Kulturdirektoratet. Posten er auka frå om lag 8,5 millionar til om lag 10,3 millionar frå 2023 til 2024. I fjor fekk skogfinske organisasjonar til saman 600 000 kroner frå denne posten.

Blant søkarane på denne posten er Norske kveners forbund som for 2023 fekk om lag 2 ¼ million. Gjennom budsjettforliket kan vi gratulere organisasjonen med ei direkte løyving på to millionar. Om det har nokon konsekvens for støtte over samleposten for nasjonale minoritetar er ikkje klårt.

Gjennom budsjettforliket er det fleire påplussingar til tiltak for samane og for dei andre nasjonale minoritetane.

Styreleder: Rune Hernes Bjerke. E-post: styrepost@skogfinneforeningen.no. Bank: 9365.31.95271 eller VIPPS 662508. PERSONVERN.