Noen muligheter for skogfinsk språk

På forespørsel fra Skogfinneforeningen har professor Trond Trosterud, UiT, laget en kort framstilling av hvordan en mulig revitalisering av skogfinsk kan påbegynnes. Uttalelsen er oversendt Kommisjonen og Språkrådet.

Vannliljer, May Gullikstad

(Foto: May Gullikstad)

Skisse til ei revitalisering av skogfinsk

////////////////////////////

Av professor Trond Trosterud, UiT

 

Det er mogleg for etterkommarar av skogfinnane å revitalisere skogfinsk på ulike måtar. Eg viser her to ulike modellar. Den første er avgrensa til det eg kallar rituelt bruk av språket mens den andre skisserer revitalisering slik vi kjenner det for f.eks. kornisk, dvs. som eit funksjonelt talespråk foreldre kan oppdra barna sine på.

 

  1. Det rituelle språket skogfinsk

=================================

 

Det å revitalisere skogfinsk på eit rituelt nivå inneber å lære seg å uttale fraser i visse samanhengar. Meir konkret vil eit slikt tiltak inkludere:

 

- å lære seg reglane for å uttale skogfinsk ut i frå (skog)finsk ortografi og samtidig å lære seg grunnleggjande skogfinsk grammatikk (t.d. bruk av kasus for stadnamn, men også om skilnaden mellom skogfinsk og norsk som språksystem).  

- å lære seg autentiske rim, reglar og songar på skogfinsk, til bruk t.d. i barnehagar og på kulturtreff. Det kan i prinsippet også vere mogleg å ha dåp, vigsel og gravferd på skogfinsk, men det er sjølvsagt avhengig av at dette er noko skogfinnar syns  er viktig og vil ha.

- å lære skogfinske stadnamn, personnamn og å forstå kva dei betyr.

 

Dette tiltaket er det fullt mogleg å gjennomføre. Det tilsvarer det revitaliseringsarbeidet som blir gjort blant ulike amerikanske språksamfunn på austkysten av USA, som t.d. cherokee. For fleire av desse samfunna finst det ikkje nok kunnskap om språka til å lage ein full grammatikk eller ordbok, men det er notert ned rituelle formuleringar som blir brukt i ulike seremoniar.

 

 

  1. Talespråket skogsfinsk

=========================

 

Målet for eit slikt revitaliseringsarbeid er å gjere folk i stand til å snakke skogfinsk, vere i stand til å forstå og gjennomføre ein samtale med kvarandre og med savolaksarar frå Finland. Eit sentralt spørsmål for eit slikt prosjekt er kva som skal revitaliserast:

 

  1. Moderne standardfinsk, 2. moderne savolaksdialekt, 3. det språket vi trur skogsfinnane snakka (når?)

 

Det første alternativet har mange språklege ressursar til rådvelde. Det andre alternativet har færre ressursar men det er mogleg å dra til Savolaks og vere del av språksamfunnet. Sett frå eit revitaliseringsperspektiv er det tredje alternativet i teorien det mest autentiske. Erfaring frå kvensk revitalisering viser at den beste løysinga kan vere ein kombinasjon av alle tre: Bruke læremiddel og kurs for standardfinsk, lære finsk i Savolaks og samtidig satse på ordforråd og formverk slik vi kjenner det frå skogfinsk.

 

Vurdering

=========

 

Språkleg sett er grunnlaget for begge desse to revitaliseringsprosjekta ganske gode. Skogfinsk har vorte skrive ned over ein periode på 150 år. Språkleg sett er dermed skogfinsk relativt godt dokumentert, med m.a. Ragnvald Iversen, Pertti Virtaranta og Tuula Eskeland sine arbeid. Carl Axel Gottlund noterte i 1821-23 ned skogfinske familienamn på Finnskogen på både svensk og norsk side. Det finst også tilgjengelege lydband frå Pertti Virtaranta sitt feltarbeid på 50- og 60-talet. Samanhengen mellom skogfinsk og den opphavlege savolaksdialekten er også relativt godt klårlagt. Ragnvald Iversen har ein systematisk gjennomgang av dei fonologiske skilnadene mellom savolaksisk og skogfinsk. Eit eventuelt revitaliseringsprosjekt må vurdere om revitalisert skogfinsk skal halde på korte og overlange stammar (som dei av Iversen sine informantar som var over 80 år gamle hadde gjort) eller om det revitaliserte språket skal ta utgangspunkt i språket til Iversen sine unge informantar, der lydsystemet ligg nærare norsk. Problemstillinga er klassisk for alle revitaliseringsprosjekt og har t.d. vore eit stridsspørsmål gjennom storparten av den over hundre år lange revitaliseringa av kornisk.

 

Det språklege grunnlaget for ei revitalisering av skogfinsk er langt betre enn t.d. grunnlaget er for kornisk og for fleire språk i Australia og på USA sin austkyst. Nokon må gå gjennom og lage undervisningsmateriale og undervisningsopplegg for dette. Kva som skal lagast vil dermed vere avhengig av kva slags revitaliseringsopplegg skogfinnane er interessert i.

 

Det vil uansett måtte bli laga ein ortografi, eit regelsett for korleis ord skal bli skrive. Viss revitalisert skogfinsk skal halde på den opprinnelege lydstrukturen sin er den einaste realistiske måten å gjere det på å ta i bruk finske ortografiske reglar, noko også kvensk og meänkieli har gjort. Det å skrive skogfinsk "som om det var norsk" vil gjere det umogleg å attgje skogfinsk, det ligg rett og slett mange føresetnader om språkstruktur i den norske ortografien som ikkje gjeld for skogfinsk. Viss utgangspunktet skal vere språket til Iversen sine yngre informantar kan det kanskje vere mogleg med ein ortografi etter norsk mønster. Eit nærare studium av Virtaranta sine opptak vil vere relevant her, men framfor alt er dette noko dei som eventuelt vil revitalisere skogfinsk må tenke gjennom.

 

Kva som ut over det vil vere naudsynt er avhengig av kva målet er.

 

Viss målet er å ta i bruk skogfinsk som eit rituelt språk vil nokon måtte finne eller rekonstruere reglar og songar det er sannsynleg at har vore i bruk, med utgangspunkt i Virtaranta sine tekstar og i det vi veit om folketradisjon frå Savolaks.

 

Viss målet er å revitalisere skogfinsk som talespråk må nokon lage ei ordbok og ein grammatikk. Dei eksisterande tekstane må deretter bli overført til den skogfinske ortografien. Dei som skal lære skogfinsk bør ta i bruk fleire framgangsmåtar: Både via studium av skogfinsk, savlolaksdialekt og finsk.

 

Er desse tiltaka gjennomførbare, realistisk sett? Språkleg sett er dei absolutt det, grunnlagsmaterialet for å kunne rekonstruere eit (klassisk eller "moderne") skogfinsk språk er godt nok til det. Om eitt eller begge tiltaka som er skissert her skal kunne bli gjennomført er dermed avhengig av at den interessa som i dag finst for skogfinsk musikk og materiell kultur også kan utvidast til ei interesse for skogfinsk, slik at det vil vere ei ikkje heilt lita gruppe av menneske som er viljuge til å satse ein stor del av livet sitt på å attreise skogfinsk språk.

 

 

Litteratur (Utdrag)

==========

 

  • Eskeland, Tuula: Fra Diggasborrå til Diggasbekken : finske stedsnavn på de norske finnskogene. Institutt for østeuropeiske og orientalske studier, Det historisk-filosofiske fakultet, UiO.
  • Iversen, Ragnvald: Finsk på norsk grunn, Relikt-studierTrondheim, 1959
  • Virtaranta, Pertti – Yli-Paavola, Jaakko: Suomalaismetsissä. Helsinki: Suomalaisen Kirjallisuuden Seura, 1997.
  • Virtaranta, Pertti 1986: Utforskning av språk och traditioner i mellersta Skandinaviens finnskogar. Värmlandsfinnar: om finnskogens historia och kultur. Stockholm. s. 81-113.
  • https://fi.wikipedia.org/wiki/Mets%C3%A4suomalaiset